Møre Frie Vikingar er ein frittståande, sjølveigande "non profit" interesseorganisasjon
utan religiøs eller partipolitisk tilknytning.

MFV er innstilt på søkje samarbeid med liknande organissasjonar som tildømes andre vikinlag,

historielag m.m., lokalt og nasjonalt.

MFVs sete er i Møre og Romsdal, Noreg.



torsdag 17. juni 2010

På Store Kalvøy

Helga 12.-13. juni tok vi turen ut til Turid, Johan og Ingvild på Store Kalvøy. Johan henta oss i byen, men før vi la i veg tok vikingane ein snartur innom verkstaden til Arve og båten "Bjarka".


Vi var tretten vikingar på denne samlinga. Vêret var ikkje heilt på vår side, men kva gjer vel det når Turid og Johan stilte heile huset sitt til disposisjon for oss. Vi fekk oppreidde sengar i to etasjer!


Laurdagskvelden var det planlagt torsk, breiflabb og kveite i kokegrop. Men før gropa kunne takast i bruk vart den oppgradert nokre hakk av Edvard. Dermed vart middagen meir for nattmat å rekne. Men den som ventar på noko godt, får seg før eller seinare eit herleg måltid!
Frukosten søndag sette absolutt ein ny standard for viking-frukostar! Dette hotellet kan vi absolutt anbefale ja! Sidan vêret var litt betre søndag nytta vi høvet til å sjå oss litt om på øya.

Balder og Frøya fekk bli med på nytt beite. Og så kika vi på gamle gravrøyser og den vakre naturen på øya.


Tusen takk for at vi fekk komme!

Fleire bilder

1 kommentar:

  1. Takk til Turid, Johan og Invild for ei god helg og ei fantastisk traktering.

    SvarSlett