Første samlinga i Løvikja i år var Ting.
Mykje snø denne vinteren gjorde at vi var seint ute.
Her kjem vi opp til grunnmurane til kokehuset.
Og i ein ring av stein held vi tinget.
MFV skal vere eit aktiv lag for folk med interesse for nordisk jernalder/norsk vikingtid.
MFV har som formål å spreie kunnskap om vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid. Vi ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar om alle sider ved dagligliv i nordisk vikingtid, som handverk, kultur/folketru, musikk, mattradisjonar, idrett, våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe) osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved å delta på marknader, festivalar og andre arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde kurs/seminar o.l.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar