Møre Frie Vikingar er ein frittståande, sjølveigande "non profit" interesseorganisasjon
utan religiøs eller partipolitisk tilknytning.

MFV er innstilt på søkje samarbeid med liknande organissasjonar som tildømes andre vikinlag,

historielag m.m., lokalt og nasjonalt.

MFVs sete er i Møre og Romsdal, Noreg.



Viser innlegg med etiketten SAMLINGAR I LØVIKJA 2010. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten SAMLINGAR I LØVIKJA 2010. Vis alle innlegg

torsdag 3. mars 2011

Innkalling til TING i Møre Frie Vikingar

laurdag 2. april kl. 17.00, i Løvikja.
Det kallast med dette inn til ting (årsmøte) i Møre Frie Vikingar.

Saker som medlemmane vil ha handsama på tinget må sendast inn skriftleg, og vere rådet i hende seinast 9. mars.

Alle fullverdige medlemmar har høve til å delta på ting med tale- og røysterett. Byrdingar har høve til å delta med talerett, men har ikkje røysterett.

Fullstendig saksliste vert sendt ut ei veke før tinget.



For rådet MFV
Helene Henriksen, skrivar

torsdag 30. desember 2010

KRABBEGILDE 20. og 21. november


Med 30 nydregne krabber frå Hildre,
sette vi i veg til Løvikja.
Her skal det bli gilde!

Skafti stend for kokinga.
Å dette kan han, endå han er så alergisk at han
må passe seg for dampen.
To nye byrdingar i sving med å flette seg band til posane sine.
Dyktige karer!

Her har Helene styringa. Viserer og fortel.

Skafti har funne godstolen på kjøkkenet
mens han passer grytene.

"Henrikulven" passar på.

Å kva blir fortalt her tru?

Vi er gode og mette, endå er det mykje god krabbe att.

Randi og Helene

Wenche

Lilja og Helene


 Ny dag
Godmorgon Sindre!

Byrdingane skal på skogen ilag med Skafti
for å finne emne til skeia dei skal spikke seg.

Å det er kaldt i Løvikja


Den!

Posane er klare, og venter på skeia si.

Perfekt!

Emnet skal kløyvast.

Må ha meg ein tur opp i skogen for å sjå på
røysverket til kokehuset.
Edvart har laga klart røysverket,
og dugnadsjengen har hjelpt han med å få det opp.


 Inne på stua er byrdingane i full gang med skeiene sin,
og Lilja er ikkje redd for å få flis.

Må no bli flotte vikingar av slike karar!

Skafti er ansvarleg læremeister,
det må ikkje gå fingrar.

Velkommen att til neste samling!


fredag 27. august 2010

Samling

Sist helg hadde Møre Frie Vikingar samling i Løvikja. Det var ikkje det heilt store frammøtet blant dei faste medlemmane våre, men gledeleg er det at vi hadde besøk av ein potensiell ny medlems-familie. Dei var seks i talet, og somme var allereie delvis påkledde!


Det vart sydd posar - nokre med SVÆRT små sting - (sikkert yrkesskade etter å jobbe med småpirk), og det var slynga snorer.


Gjestane våre fekk og lære den populære knivleiken "kappe bein", noko som tydeligvis fall i smak.


Margit hadde med seg god surdeigs-brøddeig, som smakte utmerket!

tirsdag 15. juni 2010

TING 2010

Første samlinga i Løvikja i år var Ting.
Mykje snø denne vinteren gjorde at vi var seint ute.
Her kjem vi opp til grunnmurane til kokehuset.
Og i ein ring av stein held vi tinget.