Søndag 25. september var Møre Frie Vikingar inviterte til å bidra til stemninga i byparken i Ålesund. Då skulle 1100-årsjubileet for Gange-Rolv si erobring av Normandie markerast. Ordførarar, musikarar og franske gjestar, amatørskodespelarar i rare klede og korsongarar var med og sette farge på dagen, og i bakgrunnen heldt vi på med vårt.
Skafti og Lilja leikar vikingleike med barna i parken. Laget arrangerte elles bogeskyting for dei besøkande. Vi demonstrerte nålbinding og brikkevev, og det vart servert smaksprøve på urtete.
Øy-Blikk var på plass med ein journalist, NRK laga innslag frå markeringa, og Sunnmørsposten laga artikkel og bildeserie på nettavisa her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar