Møre Frie Vikingar er ein frittståande, sjølveigande "non profit" interesseorganisasjon
utan religiøs eller partipolitisk tilknytning.

MFV er innstilt på søkje samarbeid med liknande organissasjonar som tildømes andre vikinlag,

historielag m.m., lokalt og nasjonalt.

MFVs sete er i Møre og Romsdal, Noreg.



torsdag 13. oktober 2011

Nye kjennskap




Første helga i oktober etter inviterte Møre Frie Vikingar til byrdingssamling i Løvikja. Sjølv om det var litt magert oppmøte av våre faste medlemmar, hadde vi heile fem kjekke ”ferskingar” på besøk.


Dei gjorde byrdingprøvene sine, og er no ein del av laget vårt. Veret var slik som vi etter kvart er blitt vande med, utan at vi let oss stogge av det.



Laurdag kveld var det ei haustblot-markering, som vart avslutta med festmåltid i løa – lammelår kokt i kokegrop, og eit utval sopprettar frå haustskogen. Jammen vart det ikkje fortalt historier også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar