![]() |
Tatt av Ane M |
Som vanlig arrangerte laget eit midtvinterblot med god fest
oppe på Gjerå. Vikinganr og byrdingar møttes til samling oppe på tingplassen
under fullmånen. Vi tok opp ein ny viking. Velkomen skal ho være. Og etter
samlinga gjekk vi ned i løa der vi kosa oss med god mat og drykke. Godt ut på
kvelden avslutta vi matsete i løa og gjekk opp i kokehuset der vi kosa oss
vidare ut over natta. Bålet brandt lystig. Historier vart fortalt og vikingane song
. Nå står våren for tur. Vi lyt samlast rundt båten vår og gjera den
seglingsklar. Dekke taket på kokehuset med torv, og gjera ferdig vegger og
golv. Bestemme oss for plassering av langhuset og planere det område.
![]() |
Tatt av Ane M |
I løpet
av våren lyt vi og arbeida vidare med blankvåpentreningar og prøve ha noen
krigarar klare til våpenbruk på marknaden vår på Leikvin. Kanskje vi lyt
samlast ei helg eller to og lære oss eit nytt handverk, eller drive med det vi kan frå
før. Ting skal vi ha der vi ser tilbake og fram. Kort sagt vi står foran ein aktiv vår med mange kjekke samlingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar